Det er søndag og nøyaktig ei veke sidan vi sløkte lampane for Opera Nordfjord for denne gongen. Etter 2 veker ( 9 forestilligner ) med fulle hus var det tid for å rigge ned alle lyskastarane og kveile opp alle kablar. Eg har vore så heldig å få lov til å vere med sidan Opera Nordfjord hadde si første forestiling i 1998. I år var det Eugen Onegin som var på programmet. Det har vore mitt ansvar å få på plass og rigge alt utstyr etter plan frå lysdesigner Svein og også køyre lyset under alle forestillingane.
Det er fantastisk å kunne sitte der bak i hjørnet med lysbordet og få høyre og sjå dei fanstastiske prestasjonane framme på scena kvar kveld.
Produksjonen er eit samarbeid av proffesjonelle aktørar og eit stort dugnadsapparat. Sjølv høyrer eg til den siste gruppa.
Mykje av kulissane vart laga av elevar ved den vidaregåande skulen, og frivillige har laga kostymer i fleire månader og eit stort frivillig kor har øvd lenge. Under forestillingane har det vore eit stort frivillig apparat både på scene, i sminkerom, i garderobe og ved servering . Utan dette store frvillinge apparatet ville det ikkje vore muleg å arrangere dette kvar år.
Stor takk til dei proffesjonelle aktørane på scena. Dei gav oss ei minnerik oppleving.
Vi høyrde m.a. Adele Eikenes (frå nabobygda Gloppen) som Tatjana, Espen Langvik som Onegin og Rickard Søderberg som Lenski.
Alle aktørar som har opphalde seg på Nordfjordeid i desse vekene har både i lokale media og på andre måtar gjeve sterkt uttrykk for kor godt dei har likt seg i Nordfjord, og dei vil gjerne kome tilbake. Dei har hatt kjempefine opphald på Nordfjord Hotell og har fått god kontakt med dei lokale innbyggjarane.
No er det berre å håpe at det nye kulturhuset som er under planlegging får i orden finansieringa slik at Opera Nordfjord kan gje eit endå betre tilbod både til aktørar og publikum.
